fredag 5. februar 2010

Til deg du hei


Arne Garborg var ein europear og heimføing. Når han var ute og reiste i Spania, lengta han alltid heim, til bukkeblad og brunt myrgras og lyden av storspoven. Det var det opne og brune og grøne heilandskapet han lengta etter, og den store horisonten og havet og den blå himmelen, med skyer som jagar frå sørvest, medan kulingen snur seg frå søraust til nord.

Og snart kjem regnet, og det piskar ned og då ville sikkert og Arne Garborg ønske seg ned til Paris og caféane der, og då ville han tenkje at bøndene på Jæren og Haugalandet for den del, er altfor opptekne med jorda og grøfting og myr og kalking og han ville sikkert rasa mot dei små tilhøva og kva dette fører med seg. Både når det gjeld dans og danning.

Eg var og vitja grava til Arne Garborg, og bileta er derifrå, med diktarstova og gravsteinen. Utsynet derifrå er vent, og rett mot vest breier Låg-Jæren seg. I dag grøn og med traktoregg overalt. På hans tid meir flekkete av av grønt og brunt. Dei hadde starta med å gjere om myrområda til grasmark, men enno på hans tid gjekk det mest i brunt.

Eg fekk slik ein hug til å nevne dette. Myrane ein lengtar etter. Dei kalkfattige myrane med få vekster, og så dei myrane som ligg på skjelsand. Der veks det mange skjeldsynte blomar. Eit landskap som ein på sin måte kan dyrke som ideal i til dømes japansk eller kinesisk hagekunst. Der kan ein jo gjerne satse alt på litt mose og nokre små forvridde furukroppar. Fordi dei fortel ein historie om landskapet. Akkurat som engelsk hagekunst på 1700-talet var basert på romantiske ideal frå antikken med ruinar og store tre og djupe skogar og ein lord som reid på hesten sin inn i dei mørke skogane, medan han tenkte på eit dikt frå antikken og så sette han
gartnarane sine til å prøve å få hagen hans til å sjå ut som ein vill skog, med ville blomar. Dette som for oss ser ut som ein reaksjon mot dei firkanta og svært så kultiverte renessansehagane. Dei gjekk ut i landskapet.

Slik som me hagefolk og bør gjere av og til i dag. Det er mange naturformer i Norge som kan gje inspirasjon til kva ein skal gjere med sin eigen hage. Det kan vere vakkert med mosebed og der vil ein kunne dyrke alperoser med stort hell. Me har forresten fleire norske, frå fjellet. Det skal eg fortelje om ein annan gong.

Så kan ein fundere om det var japanske hagar ein var inspirert av eller om det var dei norske heiane, med sitt brune gras og moseartar som kan vere minst like skjeldne som kinesisk trepion.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar